Aukra kommune Barnebo barnehage
Barnebo barnehage ligg på øya Gossen i Aukra kommune, 30 minutt med bil og ferje frå Molde. Barnehagen er ein tradisjonell avdelingsbarnehage med to hus som ligg «tett-i-tett». Furutun har 4 avdelingar for barn under tre år og Aukratun har 5 avdelingar for barn over tre år.
Aukratun er nybygget vi flytta inn i hausten 2021. Det er bygd i massivtre, med oppvarming frå jordvarme og solceller, og gode fasilitetar for både barn og tilsette. Utearealet gir barna høve til variert leik og aktivitet. Vi har to grillhytter på leikeplassen der vi kan trekke inn, samlast, varme oss og lage mat.
Vi har storkjøkken med eigen kokk som lagar frukost kvar dag til alle og varm lunsj 2-3 gonger i veka til kvar avdeling. Vi har bær- og frukttre, plantekasser og drivhus og ønskjer å utvikle mat- og måltidsaktivitetar saman med kokken, slik at barna kan vere med å dyrke noko av maten vi et.
Nærområdet til barnehagen byr på varierte turmål; «Hekseberget» ved vasstårnet, «Museskogen» som ligg rett ved Furutun, turstiar og gapahuk i Aukraskogen, Hallingshaughola, småbåthavna i Ragnalund, Gartnerfjøra og leikeplassane i Berglia og ved Aukrahallen. Sentrum er i gangavstand. Her besøkjer vi m.a. biblioteket, omsorgssenteret, skulen, og ikkje minst etter kvart det nye kulturhuset.